lørdag 8. mar, 13:00 -
Bø bok og papir, Bø
Samstundes som vi feirar 80-årsjubileum for slutten av andre verdskrig, er forsvar og fredsprosessar framleis høgaktuelle tema i 2025.
Kvinnene sin innsats i krig og fredsarbeid er imidlertid lite kjend og ofte mangelfullt omtala. De vil vi i Bø kvinneforum gjere noko med, og inviterte difor historikar Mari Jonassen til å snakke om temaet. Ho måtte dessverre melde avbod, men istaden har vi vore så heldige og få med oss Berit Hagen Agøy. Agøy er historikar og fagdirektør i Mellomkirkelig råd, og har gjennom fleire tiår vore ei sentral stemme i spørsmål om fred, menneskerettar og internasjonal solidaritet.
Vi lovar eit interessant, inspirerande og forhåpentleg også oppløftande foredrag!
TID & STAD:
Bø bok og papir – Laurdag 8. mars kl. 13
Inngang 100 kr / Stud. halv pris / >18 år gratis
ÅRSMØTE I BØ KVINNEFORUM
Same stad kl 12 - alle velkomne!
KONSERT M/LEAH
På kvelden inviterer me til feiring av kvinnedagen på Kroa i Bø! Her spelar Leah Engevold og bandet hennar opp til konsert kl 20.30 (dørene åpnar 19.30). I samarbeid med Bø Jazzklubb og Kroa i Bø.