Bø filmsalong // INGEN BJØRNER med stortingspolitikar Mahmoud Farahmand

Filmsalongens desemberfilm er laga av Jafar Panahi - ein iransk filmskapar som har markert seg som ein av dei mest betydningsfulle og modige regissørane i samtida. I filmen INGEN BJØRNER frå 2022 utforskar Panahi tema som frihdom og undertrykking, noko han også har gjort i tidlegare filmar.
Filmen fortel to parallelle kjærleikshistorier, den eine i storbyen og den andre i ein liten landsby. Begge par møter på ei rekkje utfordringar knytt til tradisjonar, overtru og maktmisbruk frå det iranske samfunnet. Panahi står sjølv i sentrum av forteljingane, der han spelar ein regissør som prøver å lage ein film under svært vanskelege vilkår.
Panahi har hatt yrkesforbod som regissør frå iranske styresmakter sidan 2010, og han er nyleg slept fri mot kausjon frå det berykta Evin-fengselet i Teheran. Trass i nærast umoglege arbeidsvilkår, briljerer han nok ein gong med å lage ein leiken, humanistisk og samfunnskritisk film!
Jafar Panahi har tidlegare laga filmar som Den hvite ballongen (1995), The Mirror (1997), This is Not a Film (2011), Taxi Teheran (2014) og 3 kvinner (2018), alle filmar som har eit sterkt fokus på det Iranske samfunnet og dei utfordringane folk har under eit auttoritært regime, og filmane hans har vorte symbol på motstand og håp.
Fleire av filmane har vunne internasjonale prisar. I 2022 vann INGEN BJØRNER hovudprisen Sølvspeilet under Film frå Sør og Juryens spesialpris under filmfestivalen i Venezia.
Panahi vart tildelt Sakharovprisen i 2012, og i 2023 vart han nominert til Nobels fredspris av stortingspolitikar Mahmoud Farahmand frå Porsgrunn. Farahmand kjem til salongen, og vil presentere regissøren etter visning.
Etter filmvisninga blir det også lett servering i Framstugo, der det blir tid til refleksjon og samtale om kveldens film.
Servering er inkludert i billettprisen, og alle er velkomne!

Tid

tirsdag 3. des, 18:30 -

Hvor

Les mer/meld deg på