tirsdag 5. nov, 18:30 -
Bø
Hugsar du filmen om læraren Ugyen i Bhutan?
I ABOUT DRY GRASSES møter me kunstlæraren Samet, som er utplassert på ei lita landsbyskule i Anatolia, den vêrharde og grisgrendte austre delen av Tyrkia. Samet er ikkje lenger heilt ung, og han slit med å trivast på den aude plassen. Det er kjedeleg, hardt klima, og han manglar utfordringar i yrket. Han drøymer om omplassering til det yrande kulturlivet i Istanbul, men blir kasta ut i ei djup personleg krise når han blir anklaga for upassande oppførsel mot elevar.
Dette blir starten på ei intrikat og uforutsigbar historie som tematiserer både metoo og dagsaktuelle problemstillingar knytt til lærerens handlingsrom i møte med elevar.
Ein tilfeldig date med den intellektuelle og politisk engasjerte lærarkollegaen Nuray i nabobyen vekkjer noko i Samet, og endrar historia.
Regissør Nuri Bilge Ceylan har utvikla ein fullkoment eigenarta stil. ABOUT DRY GRASSES er ein dvelande film som tek seg tid til diskusjonar, konfrontasjonar og kontemplativ melankoli. Konversasjonskunsten blir nærast ei slagmark, og det visuelt storslagne i Anatolias barske natur gir gjenklang inn i sjela til personane. I tillegg er filmen faktisk ubeskriveleg morosam!
Ceylan krev mykje av skodespelarane sine, og dei leverer alle på eit skyhøgt nivå: spesielt Nuray i Merve Dizdars tolkning, som fekk prisen for beste kvinnelege skodespelar under filmfestivalen i Cannes i 2023.
Dei som er villige til å investere dei godt og vel tre timane filmen varer, vil få ei kinooppleving dei seint vil gløyme. Her er det berre å gi seg over til den anatoliske vinteren, kjenne isvinden bite og nyte filmkunsten! Filmen blir berre vist på cinematek og utvalde kinoar, deriblant Filmsalong i Bø.
Salonggjest er Gunvald Ims, som er omsetjar og førsteamanuensis ved USN, med master i tyrkisk og doktorgrad i tyrkiske språk. Han vil halde ei kort innleiing om tyrkisk film, før visninga.
MERK AT FILMEN ER TEKSTA PÅ ENGELSK! LENGDE: 3 t 17 min.
Kaffe/te og søtsaker inngår i billetten. Fordi filmen denne gongen varar lenger enn vanleg, blir dette servert i døra inn til kinosalen.
Velkomne!