Velkomen til Stubben Studenthus!
I tøffelavstand til både Raulandsakademiet og studentbustadane ligg det nye studenthuset på Rauland, Stubben. I Stubbens storstove er det lagt til rette for å samlast, spele, danse eller berre henge, og alle studentane på Rauland får tilgang til huset. Les meir under fanen Tilgang til Stubben.
Det er to langbord med totalt 24 sitjeplassar i festsalen. Kjøkenet skimtast til venstre på biletet. Festsalen har parkettgolv som er valt spesielt for å danse på.
Kjøkenet på Stubben passar til enkel matlaging.
Det er òg sittegrupper med småbord, lenestolar og sofaer i festsalen.
Eit stort fellesrom (storstova) med plass til 60 personar. Storstova er møblert med to langbord med stolar.
Ein kjøkkenkrok i storstova med kjøleskap og oppvaskmaskin, samt koketopp og steikeovn med moglegheit for å lage eller varme opp enkel mat.
To toaletter: eitt vanleg og eitt HC-toalett.
Kontor for studentstyret og eit møterom knytt til desse.
Eit SSN-kontor hvor SSNs Gyry Nystog har si base.
Kontor for SSNs samtaleteneste, for fysisk samtale med psykolog/terapeut.
Er du registrert student på USN Campus Rauland og har betalt semesteravgifta? Da kan du få tilgang når du lagar deg ein brukar i Student Sørøst-appen!
Bur du på Campus Rauland Studentboliger har du tilgang på same stad som du låser deg inn på hybelen via Mitt nøkkelkort på Min side i en vilkårleg nettlesar.
Har du allereie ein brukar i Student Sørøst-app der du er registrert på Campus Rauland med godkjent studentstatus, kan du låse deg inn på Stubben ved å gå til Studentbolig-tenesta og velje Mitt nøkkelkort (her vil dør til Stubben dukke opp som eit val).
Har du ikkje ein brukar i appen, bør du lage ein. Last ned Student Sørøst-app i App Store eller Google Play og registrer deg med den e-postadressa du vanlegvis brukar (er du bebuar, må du hugse å bruke same e-postadresse som du er registrert med på SSNs Min side).
Sjekk app-FAQen om du lurar på noko om Student Sørøst-app.
Logg inn på Min sideStorstoga/festsalen i Stubben Studenthus på Rauland kan leigast av USN, andre samarbeidspartnarar og privatpersonar som ynskjer å bruke festsalen som lokale til arrangement som samankomstar, barnedåp, konfirmasjonsfest, jubileum osb.
Leigepris: kr 3500,- per helg (fredag til sundag)
Studentar som ynskjer å leiga storstoga til privat samankomst, betalar kr 2500,- per helg (fredag-sundag).
Leigetakar vaskar etter seg, og SSN godkjenner vaskejobben. Ved underkjent vask betalast gebyr i samsvar med prislista.
Det er to langbord med totalt 24 sitjeplassar i festsalen. Kjøkenet skimtast til venstre på biletet. Festsalen har parkettgolv som er valt spesielt for å danse på.
Kjøkenet på Stubben passar til enkel matlaging.
Det er òg sittegrupper med småbord, lenestolar og sofaer i festsalen.
Møblar: Storstoga er møblert med langbord og stolar, samt sofagrupper.
Antall: Storstoga kan husa 40 personar, om ein ønskjer at alle deltakarar kan sitja ved spisebord. Det er lovleg å ha maksimalt 60 personar på arrangement.
Dekketøy: Det er dekketøy til 40 personar, men ikkje champagneglass.
Matlaging: Kjøkenet er enkelt, men det er mogleg å tilbereda noko mat der. Vi anbefalar catering om dykk er mange.
For å søkje om å leige Stubben, må du sende ein e-post til oss med følgjande informasjon:
Ønska dato for leige.
Namn på leigetakar.
Adresse til leigetakar.
Telefonnummer til leigetakar.
Når vi mottek søknaden din, vil vi ta kontakt med deg for å stadfeste tilgjengelegheit og gi deg vidare instruksjonar for betaling og eventuelle andre formalitetar.
Vennligst send søknaden din til [email protected] og vi vil handsame ho så snart som mogleg.
Hald det ryddig 🧹
Fjern søppel 🗑
Hald det reint ✨
Ta vare på møblar og utstyr 🛋
Ta vare på kvarandre 💛
Ops! Du må være logget inn på Min Side for å sende inn spørsmål om dette.