Fellestur til Dansarstein med Vinje turlag

Bli med Vinje turlag til Dansarstein 10. september!

Dansarstein er eit flatt lite fjellplatå innunder Heidalsnutan i Øyfjell. Turen er på 2,5 kilometer totalt og er relativt lett. Høgdeforskjellen er på ca. 150 meter. Frå Dansarstein er det flott utsikt over Longvikvatn, Damtjønnuten og Raulandsfjell. Dei som ønskjer kan gå ein litt lengre runde over Heidalsnutan og komme ned att til parkeringsplassen via Fjellvegen.

Dansarstein er, som namnet tilseier, ein ypperleg plass for dans og spel. Ta gjerne med deg instrument og spel opp til dans!

Oppmøte er ved hovudinngangen på USN kl.16.30. Turlaget organiserer skyss til og frå utgangspunktet for turen, men om me blir mange deltakarar, vil me trenge fleire bilar. Når du melder deg på, ber me deg difor om å seie ifrå om du har bil og høve til å køyre. Det er bomavgift på 50 kr på veg til utgangspunktet.

Det er vått i terrenget og ofte vind på toppen, så kle deg i skikkelege turklede. Turleiar er Thor Christiansen. Påmelding og spørsmål til Kyrre Hegg på 90962958. Påmeldingsfrist er søndag 8. september. Turen blir avlyst ved dårleg vêr eller få påmeldte deltakarar.

Vinje turlag er ein del av Den norske turistforening (DNT) og har sertifiserte turleiarar.

Tid

tirsdag 10. sep, 16:30 -

Hvor

Hovedinngangen
Rauland