Tuesday 6. Feb, 18:30 -
Bø
Nominert til fem Oscar!
Kommandant Rudolf Höss og kona hans, Hedwig, strebar etter å byggje eit draumeliv for seg sjølve og familien. Dei bur i ein nydeleg villa med ein fantastisk hage - og med konsentrasjonsleiren Auschwitz som næraste nabo.
Den britiske regissøren Jonathan Glazer har laga eit sterkt, stilsikkert og unikt drama om Holocaust sett frå eit heilt uventa perspektiv. Filmen er ein tankevekkande studie av vondskapen i vanlege menneske, fortalt på ein måte som understrekar absurditeten i den bekmørke handlinga.
THE ZONE OF INTEREST fekk terningkast seks av NRK, og er nominert til heile fem Oscar-prisar: for beste film, beste regi, beste adapterte manus, beste internasjonale film og beste lyd. Dette var også filmen alle snakka om under filmfestivalen i Cannes, der han vann både Grand Prix og filmkritikerprisen. Ei filmoppleving heilt utanom det vanlege – og verkeleg ein film til ettertanke!
Kveldens gjest i salongen er Lars Gule. filosof og tidlegare førsteamanuensis ved Oslomet, der han forska på og underviste i blant anna ekstremisme, fleirkultur og islam.
Med bakgrunn i filmen vil han snakke om omgrep som selektiv empati, prinsipiell etisk tenking og moralsk handling, og sjå på likskap – og forskjellar! – på nazistisk jødeforfølging og folkemordet i Gaza. Om å vite utan å gjera noko eller kunne gjera noko.
Alle er velkomne! Lett servering er inkludert i billetten.