Lytt til lunsj!

Om næring, grobotn, omsorg, balanse og tid: Bli med på høgtlesing i Galleri Backer kvar dag i veke 39.

 

Arrangementet er gratis og ein del avForskingsdagane 2024 ved USN

 

Forskingsdagene logo

 

Alle studentar og tilsette er hjarteleg velkomne til høgtlesing i lunsjen i Galleri Backer frå måndag 23. september til fredag 27. september.  

Ta med eigen lunsj og kaffi/te, og gi deg sjølv ein pustepause til å lytte, la deg forundre, forføre og fantasere.  

Disse leser:

  • Mandag: Solveig Brandal/Marianne Furumo ved Institutt for språk og litteratur
  • Tirsdag: Barbro Romstad, spesialbibliotekar ved Universitetsbiblioteket  
  • Onsdag: Solveig Brandal/ Marianne Furumo ved Institutt for språk og litteratur  
  • Torsdag: Pia Cecilie Bing-Jonsson, rektor ved Universitetet i Sørøst-Norge  
  • Fredag: Pernille Astrup, studentprest ved campus Bakkenteigen

I galleriet er også installasjonen Jordhaugen stilt ut.

Tekstane du får lytte til er knytt til installasjonen, til stikkorda næring, grobotn, omsorg, balanse og tid.  

Arrangementet er ein del av det tverrfaglege utviklingsprosjektet Spire

Kanskje har du ekstra glede av å høyre tekstane om du veit dette om Jordhaugen:

Installasjonen er inspirert av hügelbedteknikken for danning av næringsfull jord. Hügel er tysk og betyr haug eller høgd. Hügelbed er eit kortreist og gjenbruksdyrkningsbed kvar råmaterialet til jorda blir danna av det meste vi kan finne i eigne heimar og hagar, som papp, kvistar, greinar, ull, gras- og løvavfall, halm. Målet er å tilføre, heller å ta ut.Installasjonen inviterer publikum til å bruke sansane sine, som syn, lukt og berøring til å oppleve Jordhaugen, og få ei innsikt i den saktegåande forvandlinga som må til for å skape god næring, grobotn, balanse og omsorg for og i jorda som vi alle er avhengig av.

Utstillinga er open mandag-fredag under Forskingsdagane kl. 9-16.

Tid

mandag 23. sep, 11:45 -
fredag 27. sep, 12:15

Hvor

Vestfold
Les mer/meld deg på