Industrispel som kulturarena

Eit nytt stort kulturprosjekt er under utvikling på Notodden: «Verdsarvteateret: eit industrispel på Notodden».

 

Arrangementet er gratis og ein del avForskingsdagane 2024 ved USN

 

Forskingsdagene logo

 

Vi inviterer til ein dag om kva verdsarvteateret handlar om og korleis spelet kan utviklast til ein nasjonal kulturarena med lokal forankring.

Vi snakkar og om korleis ein byggjer ein stor kulturproduksjon, om det er mogleg for kunst og kulturarvsforskning å samarbeide og om kva ressursar som finst i lokalsamfunnet og lokalt næringsliv.

Denne dagen vil publikum få:

  • populærvitskaplege høgdepunkt frå doktorgradsforsking på tydinga av kulturarv,
  • samtalar om korleis kunst og forsking er relevant for lokal utvikling
  • manuspremiere på industrispelet.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Det er retta mot kulturinteresserte innbyggjarar, politikarar, bedrifter, frivillig sektor og skular.

Det er mogleg å delta på utvalde delar av programmet. Ingen påmelding.

Programkl. 10.00-13.00 Å bruke forsking på kulturarv er ein kunst

Verdsarv er i endring. Forsking gjer oss stadig nye perspektiv på verdsarv, korleis verdsarv kan forståast og best blir handtert innanfor samfunn i endring. Her får du presentert utdrag og funn frå nye doktorgradsavhandlingar om Rjukan-Notodden Industriarv.

Ph.d.-presentasjonar

  • Videoinstallasjon over ph.d. avhandling: Becoming Heritage: Pathways toward a more-than-human remembering, ved Benjamin Richards (Hardanger Folkemuseum)
  • Rjukanbanen – Betydning, materialitet og nærvær, ved Guro Nordby (Norsk Industriarbeidermuseum)
  • Shaping Minds. An ethnographic study of children learning about Rjukan-Notodden industrial heritage, ved Audhild Kennedy (Norsk Industriarbeidermuseum)
  • Making Industrial Heritage: Bureaucracy, Narratives and Affordance in Rjukan-Notodden World Heritage Site, ved Osmund Grøholt (Universitetet i Bergen)
  • Street art, heritage and more-than-representational approaches, ved Laima Nomeikaite (Universitetet i Tromsø)

Panelsamtale

Kan kunst og kulturarvsforskning kan setje verdsarvfeltet i rørsle? Det er tema for ei avsluttande panelsamtale, leidd av Steffen Fagernes Johannessen. I panelet: Inger Birkeland, Tone Cronblad Krosshus, Lars Frers. 

Kl. 14.00 - 16.00 Korleis byggje ein nasjonal kulturproduksjon med lokal forankring?

Kva er viktig for realiseringa av kulturproduskjon med lokal forankring? Verdsarvteateret – Eit industrispel på Notodden skal vere lokalt forankra, og samtidig eit kunstnarisk uttrykk av nasjonal og internasjonal betydning. 

  • Notodden på verdsarvkartet, musikalsk innslag ved Marianne Tovsrud Knutsen med barneskuleelevar
  • Krafta til kulturen! Nøkkelen til å skape levande og attraktive lokalsamfunn, ved Hege Knarvik Sande (PAHN Senter for scenekunst Noreg).
  • Telemark kulturstrategien i fylket – og industrispelets moglegheiter  ved Christine B. Hermansen (Telemark fylkeskommune)
  • Tvert imot! Om kontraperspektiv når kultur skal skapast ved Annette Winkelmann (Sølvåren Ibsen formidlingssenter)
  • Alle med – korleis få til lokal begeistring og internasjonal annerkjennelse? ved Jostein Forsberg (Notodden Bluesfestival)

Panelsamtale:

Om å skape store kulturarrangement, og samspel mellom høg kunstnarisk kvalitet og lokal forankring. I panelet: Christine B. Hermansen, Annette Winkelmann, Jostein Forsberg. Samtalen blir leidd av Hege Knarvik Sande

18.00 – 20.00 Lesing av manus for Svelgfoss, industrispelet på Notodden.

Industrispelet er ein heilt ny teaterproduksjon. Vi får høyre utdrag av teksten frå profesjonelle skodepelarar.

Manuset "Svelgfoss" er det kunstnariske utgangspunktet for Verdsarvteateret – Eit industrispel på Notodden. Publikum vil få eit første innblikk i det kunstnariske universet som er i gang med å skapast, og som skal bli teaterframsyninga Svelgfoss.

Lesinga blir iscenesett av Peer Perez Øian, tre profesjonelle skodespelarar og fleire unge skodespelarar frå Notodden barne- og ungdomsteater.

Manuslesinga avrundast med ei panelsamtale om teater som kunstform og den vidare utviklinga av teaterframsyninga Svelgfoss. I panelet: Peer Perez Øian, manusforfattar Petter Rosenlund og Tone Cronblad Krosshus. Samtalen blir leidd av Ingvild Margrethe Birkeland. 

 

Bidragsytere

Benjamin Richards

 

Steffen Fagernes Johannessen

Steffen Fagernes Johannessen er førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg og underviser i kulturleiing og kulturstudiar. Han er leiar for forskingsgruppa Kulturarv i bruk, og forskar på sosialt minne, identitetspolitikk og kulturarvsprosesser. Johannessen har doktorgrad i sosialantropologi frå Martin-Luther-universitetet Halle-Wittenberg.

Guro Nordby

Guro Nordby er tilsett som forskar ved Norsk Industriarbeidermuseum. Ho er utdanna Mag.art. i etnologi ved Universitetet i Oslo, og har ph.d. i Tverrvitenskapelige kulturstudiar frå Universitetet i Søraust-Noreg. Doktoravhandlinga omhandlar Rjukanbanen, ein museumsjernbane med stor betydning for industriutviklinga i distriktet. Ho har tidlegare vore forfattar og medforfattar for fleire by- og bygdehistoriske verk.

Audhild Kennedy

Audhild Kennedy er utdanna sosialantropolog og arbeider som museumspedagog ved Norsk Industriarbeidermuseum. Kennedy har avlevert ph.d. avhandling ved Tverrfaglige kulturstudium ved Universitetet i Søraust-Noreg. Doktorgradsarbeidet byggjer på kritisk kulturarvsforskning og antropologiske perspektiv på læring, og undersøkjer korleis og kvifor barn og unge på Notodden lærer om lokal verdsarv.

Osmund Grøholt

Osmund Grøholt er doktorgradsstipendiat i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. I avhandlinga jobbar han med spørsmål knytt til lokal forvaltning av UNESCO Verdensarv basert på langvarig feltarbeid i verdsarvområdet Rjukan-Notodden Industriarv. Grøholt er også medredaktør i Journal of Anthropological Films, og jobbar med eit antropologisk filmprosjekt i Tanzania.

Laima Nomeikaite

Laima Nomeikaite er utdanna sosialgeograf og har fullført sin Ph.d. i Kulturstudier ved Roskilde Universitetet og Universitetet i Søraust-Noreg. Forskinga hennar fokuserer på samspel mellom kunst, gatekunst, kulturarv, stad og byrom. I fleire år har ho vore med og leidd festivalen "Matgilde mot Hungersnød" in Bergen. Nomeikaite er aktivt engasjert i debattar om byrom og politisk kunst gjennom kronikkar, kunstnariske- og vitskaplege bidrag. 

Inger Birkeland 

Inger Birkeland er professor i sosialgeografi ved Universitetet i Søraust-Noreg. Hennar forskingsinteresser konsentrerer seg om menneske-stad relasjonar, kulturarv som prosessar, og dessutan kulturelle aspekt ved berekraft med særleg vekt på barn og unge, sivilsamfunn, og det å styrkje berekraftig utvikling i post-industrielle område. Birkeland har brei erfaring med internasjonal interdisiplinær forsking og innovasjonssamarbeid, og er leiar for forskingsgruppa Kulturarv i bruk.

Tone Cronblad Krosshus 

Tone Cronblad Krosshus er førstelektor i drama og teater ved Universitetet i Søraust-Noreg. Der underviser ho i drama, teater og estetiske læreprosessar på lærarutdanningane og på BA kunst og design. Ho leier forskingsgruppa for estetiske læreprosessar og forskar på betydninga av teaterbaserte prosessar for danning, demokrati og samfunn. Krosshus er prosjektleiar for USN-gruppa Verdensarvteateret – Eit industrispel på Notodden. 

Lars Frers

Lars Frers er professor i samfunnsfag ved Universitetet i Søraust-Noreg og underviser doktorgradsstudentar i vitskapsteori og metode. Han er leiar for forskingsgruppa Kvalitative metodar i profesjonell praksis og hans hovudinteresse som forskar er å forstå, vise og kritisere korleis omgivnadene våre formar måten vi interagerer med andre, og korleis sosial kontroll blir etablert og anfektes. 

Tone Cronblad Krosshus

Tone Cronblad Krosshus er førstelektor i drama og teater ved Universitetet i Søraust-Noreg og underviser i drama, teater og estetiske læreprosessar på lærarutdanningane og på BA kunst og design. Ho forskar på betydninga av teaterbaserte prosessar for danning, demokrati og samfunn. Krosshus er prosjektleiar for USN-gruppa Verdensarvteateret – Eit industrispel på Notodden.

Hege Knarvik Sande

Hege Knarvik Sande har Mastergrad i Kultur- og idéhistorie frå Universitetet i Oslo. Ho har jobba som kulturleiar i Norsk Kulturforum og er no direktør ved PAHN Senter for scenekunst Noreg. Knarvik Sande var initiativtakar til Noregs første kulturpolitiske møteplass, Kulturytring. Ho var konsulent for Industrispelet i den innleiande fasen, og er no fungerande rådgivar i prosjektet.

Annette Winkelmann

Annette Winkelmann har bakgrunn innan kulturleiing, både som arrangør og som universitetslektor ved USNs kulturstudium i Bø. Winkelmann er i sluttfasen av doktorgradsarbeidet sitt om norske russefeiringar, og jobbar no som prosjektleiar ved Sølvåren Ibsen formidlingssenter.

Christine B. Hermansen

Christine B. Hermansen er utdanna kunsthistorikar frå Universitetet i Oslo. Hermansen har jobba som leiar av formidlingsavdelinga ved Telemark museum. Ho jobbar no som rådgivar i Telemark fylkeskommunes kulturseksjon.

Jostein Forsberg

Jostein Forsberg er kunstnarisk leiar for Notodden Blues Festival. Han har vore med i festivalleiinga sidan oppstart i 1990, og har i fleire år hatt rolla som dagleg leiar for festivalen. Som musikar har han turnert nasjonalt og internasjonalt med banda Spoonful of Blues og The R&B Express. Forsberg er oppvaksen på Notodden der han tidlegare jobba ved Tinfos Jernverk og Tinfos Papirfabrikk.

Marianne Tovsrud Knutsen

Marianne Tovsrud Knutsen er tilsett ved institutt for estetiske fag på Universitetet i Søraust-Noreg. Ho er utøvande musikkar og musikkpedagog, og arbeider med kulturprosjekt med barn, unge og vaksne. Ho har utvikla DKS-produksjonen Notodden på Verdensarvkartet, og er prosjektleiar for musikkteater-prosjektet som alle femteklasse-elevar i Notodden kommune deltek i.

Petter Rosenlund 

Petter Rosenlund er ein internasjonal anerkjend manusforfattar og dramatikar, og verkane hans er omsett til mange språk. I Noreg er han særleg kjend som forfattaren av TV-serien "Kampen om tungtvannet", og han har vunne Amandapris for "Tiden før Tim". Hans teatertekstar har vorte spelte over heile Noreg, som til dømes Trøndelag Teater, Oslo Nye Teater, Teatret Vårt, Det Norske Teatret og Nationaltheatret. Han har vunne Ibsenprisen for teksten sin "En umulig gutt" og våren 2024 var han saman med Jon Fosse og Arne Lygre nominert til Heddapris for beste scenetekst, for det dramatiske verket Sudden death. 

Peer Perez Øian

Peer Perez Øian er ein internasjonal anerkjend norsk regissør. Han har vunne Heddaprisen i kategoriane beste regi (for "Syk Ungdom", Det Norske Teatret 2011) og for årets framsyning (Solaris Korrigert Det Norske Teatret 2016), og i 2023 vart iscenesetjinga hans av "Omstigningen til paradis" (Aarhus Teater 2022) nominert til den danske Reumert prisen 2023, også i kategorien for årets framsyning. Han har regissert teaterframsyningar på dei største scenene i Noreg, som mellom anna Den Nationale Scene, Teatret Vårt, Rogaland Teater og Nationaltheatret. Sidan 2014 har Øian vore tilsett som husregissør på Det Norske Teatret, der han mellom anna har hatt regi på framsyningane Macbeth (2018), Solaris Korrigert (2015), EKS (2022) og Caligula (2024). Øian har også erfaring med spelsjangeren og hadde i perioden 2019-2023 regi på Spelet om Heilag Olav.

Ingvild Margrethe Birkeland

Ingvild Margrethe Birkeland er førstelektor emertia i drama og teater ved Universitetet i Søraust-Noreg. Der har ho i ei årrekkje undervist og forska på teater, danning og estetiske læreprosessar. Ho er styreleiar i den nasjonale organisasjonen Drama- og teaterpedagogane, og har leidd Notodden barne- og ungdomsteater i over 30 år.  

 

Arrangementet er ein del av samtidskunstfestivalen Kunst i Spire.  Det er finansiert av Kulturdirektoratet, Hjartdalbanken og USN Forskingsdagane.

 

Tid

tirsdag 24. sep, 00:00 - 23:59

Hvor

Notodden
Les mer/meld deg på